
- SAMMEN NÃ…R VI MÃ…LET -
INFORMASJON
Trafikkskulen vart etablert i 2009, da var både John Ingvald og
Even Andreas var ferdig utdanna som trafikklærarar. Etter 10 år har trafikkskulen utvikla seg til å tilby trafikkopplæring fra Florø i vest til Sykkylven i nord med 7 flotte trafikklærarar.
​​
Siv-Carina starta med oss i hausten 2016. Etter 8 år som sensor i Statens Vegvesen valgte Siv å satse på trafikklæraryrket igjen. Med stor omsorg for elevane er ho ein problemløysar av dimensjonar. Latteren sitt alltid lett, så her kosar elevane seg masse!
​
Sommaren i 2017 starta den sprudlande rampen Bård Ove som trafikklærar med oss. Han er typen som lokkar fram smilet fra dei fleste og som elevane storkosar seg med.
Hausten i 2017 starta Miriam og Eirik som trafikklærarar stasjonert i Førde/Florø og omegn. Eit triveleg par som trivast godt i bilen med elevane sine. Her blir elevane tatt varmt og godt i mot av desse to som skapar ein roleg og behageleg atmosfære i bilen.
​​
Det nyaste tilskotet i flokken er Robin Andreas som er ansatt i Sykkylven/Stranda og omegn fra sommaren i 2019. Energibomba av dimensjonar som med sitt lure smil alltid finn løysingar på utfordringar han måtte støte på!
​
Vi gler oss til å samarbeide med deg!
​
​
Kjøretøy
Vi brukar Audi og VW som skulebil.
Skulereglement
​
Kjøretimar
Kjøretimar foregår mandag til fredag mellom 08.00–16.00. Ein kjøretime varer i 45 minutt. Vi kjører normalt dobbeltimar à 90 minutt. I særskilte høve kan det avtalast kjøretimar utenom dette direkte med trafikklæraren.
Bestilling
Første time blir normalt tildelt av kontoret. Vidare avtalar du time med trafikklæraren din. Har du ikkje fått ny kjøretime etter avslutta time, ta kontakt med kontoret eller trafikklæraren din.
Avbestilling
Avbestilling av kjøretime må skje seinast kl.12.00 siste virkedag før avtalt time. For kjøretime mandag må avbestilling da skje seinast fredag kl.12.00.
Avbestilling av obligatorisk opplæring, som trinn 3.8 Sikkerhetskurs på bane og trinn 4 Sikkerhetskurs på veg, må skje seinast kl.12.00 to virkedagar før avtalt tid.
Avbestilling av førarprøve må skje seinast kl.12.00 tre virkedager før prøva.
Ved for sein avbestilling
Avbestiller du for seint må avtala betalast i sin heilhet. Ved førarprøve må du i tillegg betale førarprøvegebyr til Statens Vegvesen.
Ved sjukdom kan legeerklæring framleggast kontoret seinast ei veke etter avtala og du vil ikkje bli belasta. Ved sjukdom over fleire dagar gjeld vanlege avbestillingsreglar.
NB! Dersom du blir forhindra til å gjennomføre avtala med oss, ta uansett kontakt tidlegast mulig. Vi vil alltid gjere det vi kan for å få inn ein anna elev istadenfor deg, og får vi det til, slepp du å betale for avtala.
Betaling
All opplæring skal være betalt seinast tre virkedagar før førarprøve blir gjennomført.
Maksimalt uteståande beløp er kr 6 000,-.
TRAFIKALT GRUNNKURS
Trafikalt grunnkurs er eit obligatorisk kurs som alle må ha før dei startar på føreropplæringa, dette gjeld og for privat øvingskjøring.
Det trafikale grunnkurset gjer vi ferdig på ei veke. På den måten får du som elev ein samanheng i opplæringa, og det vert lettare å halde tråden i det som vert gjennomgått. Vi startar som regel opp på ein mandag og vert ferdig til torsdag same veka.
Det trafikale grunnkurset er i alt på 17 timar og omhandlar:
• Trafikkopplæringa
• Grunnleggande forståelse for trafikk
• Mennesket i trafikken
• Øvingskjøring og kjøreerfaring
• Førstehjelp
• Tiltak ved trafikkulykke
• Mørkekjøring
Mørkekjøring vert arrangert kvart år frå 15. oktober til 15. mars. Utanom den tida vert dei trafikale grunnkursa arrangert utan mørkekjøring. Mørkekjøringa må takast igjen innan 1. november samme år, ellers mistar eleven retten til å øvelseskjøre. Når mørkekjøringa er gjennomført får ein igjen retten til å øvelseskjøre! :)
TEORIKURS
Synest du teorien er vanskeleg? Vi hjelper deg gjerne med tips og råd!
Ta gjerne kontakt med ein av oss, enten per telefon eller e-post, så skal vi prøve å finne ei løysing som passar deg.
Gjennom ATL har vi gleden av å tilby teorikurs via internett!
Prisen på dette er kun kr 950,-.
Dette er eit kurs som har ein varighet på 6-7 timar og som kan brukast fleire gongar. Etter at kurset er påbegynt fyrste gong, er det gyldig i 5 månader, og du kan bruke det så mange gongar du vil.
Klikk på linken under for meir informasjon...
TRAFIKKOPPLÆRING
Vi tilbyr opplæring i alle lette klassar, har du spørsmål om dei enkelte klassane kan du gjerne ringe ein av oss.
​
Informasjon om opplæringa i dei ulike klassane finn du på Statens Vegvesen sine nettsider, klikk på linken til den klassa du er interessert i: